For å finne informasjon om løpskarusellen i 2022, går du til Gaular løpskarusell på Facebook. Sjå link under.
Tirsdag 5. april kl. 18.00 på Langeland.
Trykk her for å sjå samla oversikt over kven som skal ha premiar . Ver venleg å kik over og gi tilbakemelding til Bodil Ryste om de ser at noko er feil.
Program:
Velkommen v/Langrennsgruppa
Litt mat og drikke i Skihytta/ute
Premieutdeling Karusellrenn og merkerenn
Premieutdeling Lagsmeisterskap 11 år og eldre
Saman med Førde IL inviterer vi til miljøsamling på Langeland for aldersgruppa 11-15 år. Samlinga er open for alle som har lyst til å delta på ein dag med mykje moro aktivitet, som rulleski og anna barmarksaktivitet. Ein treng ikkje å ha erfaring frå rulleski frå tidlegare for å delta, vi tilpassar og legg opp slik at det skal passe for alle.
Gaular IL byter medlemssystem frå 1.september 2021, og går over frå å bruke weborg til ei ny løysing som heiter HOOPIT. Vi overfører ikkje dagens medlemmar til Hoopit, av omsyn til datatilsynet sine reglar (GDPR), så kvar og ein må registrere seg inn sjølv. Håpar alle medlemmer vil hjelpe til med denne prosessen, slik at vi raskt kan få opp og gå det nye systemet.
Informasjon om oppstart av Hoopit.docx For kortversjon, trykk "les mer".
Minner om årsmøte 26, mai kl 19.00 på Tønna (plan B er auditoriet på Sande skule/Gaularhallen, om vi vi blir for mange i høve smittevernreglane, men sender då ut melding til dei påmelde).
Vi må også ha oversikt over kor mange som kjem, både for å sikre at smittevernreglane blir fulgt, og i høve bestilling av mat. Påmelding via arrangementet som også ligg på www.facebook.com/gaularidrettslag, eller på epost: post@gaular-il.no.
Sakliste til årsmøtet, inkludert tilrådingar er lagt ved: Årsmøte i Gaular idrettslag 2021 - sakliste - 2.forsøk - med tilråding.docx
Kalender
|