Norgescup: Informasjon til alle funksjonærar

Her får alle funksjonærar viktig informasjon før Norgescup 12-14 februar 2021. Informasjon skal vere sendt til alle funksjonærar på epost. 

2021-02-07
bodilryste

Til
alle funksjonærar

 

EQUINOR NORGESCUP, LANGELAND 12.-14. FEBRUAR 2021

Førde IL/ Gaular IL

Norgescupen på Langeland nærmar seg med stormskritt, og det er svært gledeleg at arrangementet begynner «å ta form».

Vi er i ei spesiell tid, og saman med Norges Skiforbund og lokale helsemyndigheiter gjer vi vårt ytterste for å skape så trygge rammer som mogleg for utøvarar, servicepersonell og funksjonærar.

Sjølv om det vert mange restriksjonar og store avgrensingar i høve smittevern, håpar vi at alle skal føle seg godt ivaretatt, og at arrangementet går inn i historiebøkene som eit av dei mest vellukka skirenna på Langeland.

Her følgjer viktig informasjon til dykk som funksjonærar:

 

AKKREDITERING

Alle funksjonærar får akkrediteringsvest (kvit) ved innkøyringa til stadion. ALLE må ha akkreditering før dei kjem inn på skistadion - dette gjeld frå og med torsdag morgon.
Akkrediteringsvesten skal ein ha heile helga, og leverast i akkrediteringsbua på veg ut av parkeringsplassen siste dagen ein er funksjonær.

Sjå informasjon på arrangementet sine nettsider;  https://www.skiforbundet.no/forde/akkreditering/

 

SMITTEVERNUTSTYR

Alle funksjonærar får lommeflaske med handsprit for heile helga, samt 2 stk. munnbind ved utlevering av akkreditering. Nye munnbind får ein ved akkrediteringsbua kvar dag (utanom opningstider hentar ein desse på rennkontoret). Alle funksjonærar må bruke munnbind under arrangement då ein fungerer på tvers av dei ulike kohort-sonene (sjå vedlagt kart som viser kohort-sonene).

 

GENERELL INFO. OM SMITTEVERN

Arrangøren byggjer sine smitteverntiltak på følgjande prinsipp:

·       Fysisk avstand på minimum 1 meter mellom enkeltpersonar og 2 meter mellom kohortar.

·       Munnbind skal brukast dersom ein ikkje klarar å halde minimum 1 meter avstand

·       Avgrense antal menneske på same stad/område til kohortar og smågrupper ved godt vakthold. Vi har både ambulerande smittevernvakter og sonevakter.

·       God handhygiene, korrekte hosterutinar og avgrensa hand til ansikt kontakt.

·       Brot på smittevernreglane/protokollen medfører tap av akkreditering og heimsending frå arrangementet.

·       Dersom du sjølv er i karantene eller eit husstandsmedlem er i karantene, ver venleg ikkje møt opp på stadion. 


Dersom du dagane før eller same dag som ankomst har kjent symptom på:

·       forkjøling 

·       tap av lukt og smak

·       mageproblemer 

·       andre symptom på akutt infeksjonssjukdom


SKAL DU IKKJE MØTE OPP PÅ STADION

Har du vore på stadion før symptoma oppsto skal du melde frå om dette til smittevernsansvarleg for arrangementet, Anders Bjørkhaug, tlf. nr. 481 89 526.

Viktig info. vedr. kohortar:

·       Kohort A raud – Utøvarar

·       Kohort B blå – Service og trenarar

·       Kohort C kvit – Arrangør, frivillige, NSF-leiarar, TV (desse har også tilgang til raud sone)

·       Kohort D grøn – Presse


Sjå vedlagde kartskisse (kohortsoner) for nærare oversikt.
Det vil vere eigne toalett for kvar kohort, garderobar og dusj er stengt, men løparar kan skifte til tørt tøy i garasje (bygget til rennkontoret) på arena.

E-læringskurs i smittevern:

Før vi gjennomfører arrangementet skal alle frivillige gjennom ei minimumsopplæring.

I opplæringa blir det gitt råd og anbefalingar for korleis arrangementet vert gjennomført, i tråd med dei generelle anbefalingane for førebygging av smitte og kvar enkelt si åtferd.

 

Alle funksjonærar er difor pålagt å gjennomføre NIF sitt koronavettkurs; https://www.idrettsforbundet.no/tema/koronavirus/koronavettkurs/

(Det tek ca. 10 min. å gjennomføre kurset).

 

SIKKERHEITSPLAN
Vedlagt finn de arrangementet sin Sikkerheitsplan.

Her finn de viktig informasjon som m.a. omhandlar lege/ sanitet, brannvern, sikkerheit, varslingsplan og viktige telefonnummer.

 

VELKOMMEN TIL ALLE FUNKSJONÆRAR

Vi er i eit miljø der absolutt alt vert gjort på dugnad, og på vegne av org. komiteen for NC 2021 vil eg takke dykk alle for innsatsen de legg ned for langrennsmiljøet vårt.
Det er den frivillige innsatsen som definerar eit idrettsarrangement, og som får gjestane til å føle seg velkomne.
Eg håpar de møter alle med eit smil - utan dykkar entusiasme og engasjement er det ikkje mogleg å invitere langrenns-norge til skirenn på Langeland.

 

På vegne av org. komiteen for Equinor Norgescup 2021 ynskjer eg alle funksjonærar hjarteleg velkommen til spennande skidagar.

 

Programhefte for Equinor NorgesCup 2021 finn de vedlagt.
Øvrig informasjon om arrangementet finn ein på;
www.skiforbundet.no/forde

 

Velkommen!

 

 

Helsing
Equinor NC 2021, Langeland

 

Yngve Thorsen

Leiar/ org. komiteen

 

Mobil 90 80 25 75

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket