Velkomen til aktivitetsdag laurdag 5. des på Langeland skisenter

Det blir trenarkurs på føremiddag, og aktivitetar som natursti, rulleski og grilling på ettermiddag. Obs - alle må melde seg på på førehand. 

2020-11-30
bodilryste

Program (med atterhald om endringar pga veret)

Kl. 10-12: Trenarkurs for føresette/hjelpetrenarar (i regi av Skikrinsen og saman med Førde langrenn). Eigen påmelding, frist 30.11, så ver rask om du vil bli med. 

Kl. 12.30: Aktivitetsdag med natursti, prøve rulleski (for dei som ønsker og med atterhald om ver/føre..) og grilling ved Skistølen. Vi fyrer opp to bålpanner ved Skistølen, men alle må sjølve ta med det dei ønsker å ete og drikke. Aktiviteten blir ikkje organisert på same måte som skitreningane (meir frileik og eigenorganisert), men sidan vi har kring 15 par med rulleski set vi opp tidspunkt med inntil 15 stk som låner rulleski i 30-45 min før neste gruppe slepp til. Skitrenarane blir tilgjengelege i rulleskiområdet og det blir satt ut litt kjegler m.m., men føresette må vere der for hjelpe sine barn. Naturstien startar ved nye-Skihytta, rulleski i stadionområdet og grilling ved Skistølen. Vi håpar det kan bli ein kjekk og triveleg ettermiddag på Langeland. Både barn/unge og føresette er hjarteleg velkomne! 

Det kostar ikkje noko å delta, men pga koronasituasjonen og organisering av rulleski må vi ha oversikt over kven som er til stades. Vi ber difor vi om at alle (barn og føresette!) som ønsker å delta melder seg på via denne linken: Påmelding aktivitetsdag. 

Vi held på til ca kl. 15. 

Og ei påminning på smittevernreglane:

  • kun friske møter
  • god handhygiene
  • hald avstand

Vel møtt til alle!

Kalender

Mai
MTOTFLS
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket