Foreldrekurs og Miljødag 5. desember

Ny dato for foreldre/hjelpetrenar-kurs er 5. desember. Då legg vi også opp til ein miljødag med lavterskel aktivitetar og høve til grilling! Set av dagen!  

2020-11-09
bodilryste

Informasjon om foreldre-/hjelpetrenarkurs: 

Langrennsgruppa inviterer i samarbeid med skikrinsen til foreldrekurs på Langeland laurdag 5. desember kl. 10 - 12.

For kven: Kurset er retta mot foreldre/føresette som bidreg eller som kan tenke seg å bidra som medhjelparar på trening for barn i langrennsgruppa. Ein treng ingen førehandskunnskapar, og det er låg terskel for å delta. 

Kursinnhald - praktisk økt:

  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (skileik dersom skiforhold!)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå
  • Gode tips til aktivitetar

Påmelding innan 30. november via denne linken. 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar.

Retningslinjer for kursdeltakarar:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

MILJØDAG blir frå ca kl. 12.30 - 15.30, og vi kjem tilbake med meir informasjon. Det blir på ski dersom skiforhold, og på "barmark" dersom det ikkje har kome snø. Ope for både foreldre og barn/unge! Set av dagen så lenge! 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket