Foreldrekurs 21. oktober. UTSETT!

Kurset er utsett pga få påmelde. Vi kjem sterkare tilbake!  

2020-09-09
bodilryste

Tidspunkt: Onsdag 21. oktober 2020 kl. 17.00 - 20.30

Stad: Langeland skisenter

For kven: 
Kurset er retta mot foreldre/føresette som bidreg eller kan tenke seg å bidra som medhjelpar på trening for born i langrennsgruppa. Ein treng ingen førekunnskap og det er låg terskel for å delta. 

Kursinnhald:

  • Kva det vil seie å vere ein trenar for born
  • Korleis legge til rette for allsidig aktivitet på barmark (som førebuing til langrennsaktivitet)
  • Korleis organisere for stor aktivitet og at barn får utfordringar tilpassa sitt nivå

Program: 
Kl. 17.00 - 18.00: Teoridel inne, "Barneidrettens verdigrunnlag og trenarrolla" v/ Ingrid Narum
Kl. 18.00 - 20.30: Praktisk økt ute, "Langrennstrening for barn på barmark" v/ Roger Pollen

I den praktiske økta nyttar ein gruppene som har trening parallellt med kurset. 

Påmelding innan 19. oktober: https://response.questback.com/isa/qbv.dll/ShowQuest?questid=5494664&sid=NeQejx4hwI 

Kurset vert gjennomført iht. gjeldande råd for smittevern med inntil 20 deltakarar. 

Retningslinjer for kursdeltakarar:

 

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom kan du ikkje delta på kurset
  • Hald minimum 1 meter avstand
  • Hugs god hand- og hostehygiene

 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket