Premiefest og aktivitet fredag 18. september

Velkomen til premiefest for karusellrenn, skimerkerenn og lagsmeisterskap for forrige sesong (vinter 2020) og til ei lita aktivitetsøkt for dei som ønsker på Langeland fredag 18. september. 

2020-09-09
bodilryste

Program. Alt skjer utandørs på Langeland. 

Kl. 17.30: Aktivitet med joggesko eller rulleski for dei som har lyst til å prøve det. Ope for alle - men nb, viktig at de melder frå kven som kjem + namn/tlf.nr til føresett, slik at vi har kontroll på dette med smittesporing og evt. behov for å dele i  grupper. 

Kl. 18.30: Premieutdeling frå karusellrenna, skimerkerenn og lagsmeisterskap for sesongen 2020 (utandørs)

Følgande får premie:

  • Alle som deltok i 3 eller 4 karusellrenn (det blei arrangert 4 denne vinteren). Vi trekker ein ekstrapremie blant dei som gjekk alle 4 renna.
  • Klassane 11 år og eldre får premiar for lagsmeisterskap klassisk og skøyting (dei to renna i mars). Her fekk 10 år og yngre utdelt medaljar ved målgang, så dei har fått sin premie for lagsmeisterskapen. 
  • Skimerker: Utdeling av skimerker (bronsemerke = klart merkekravet 1 år, sølvmerke = klart merkekravet 2 år osv.). 

Ta kontakt om de er usikre på om dykkar barn/ungdom skal motta skimerke eller premie. 

NB, ihht offentlege råd for smittevern skal du ikkje møte om du er sjuk eller har symptom på sjukdom, god hand-/hostehygiene skal haldast, og avstandsregelen skal haldast utanom organisert aktivitet for barn, og heile tida for vaksne over 20 år. 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket