Takk for oppmøtet på foreldrekveld!

Veldig kjekt at så mange kom på foreldremøtet onsdag kveld. Informasjon frå skigruppa vert gjengitt her. 

2018-10-25
bodilryste

Informasjon som vart gitt frå skigruppa:

- Treningar 2 og 3 klasse: Bodil Ryste og André Haugsbø ansvarleg. Fleire foreldre har meldt tilbake at dei kan hjelpe til på øktene, så det er flott og nødvendig for at aktiviteten skal bli god. På neste økt går vi gjennom nokre "spelereglar" saman med barna i starten av økta. Nær 30 barn påmeldt. 

- Treningar 4 klasse og oppover: Magnar Arild Kapstad ansvarleg saman med Ingunn Holsen og Andres Borkamo. Ca 25 barn påmeldt frå 4-7 klasse. 

- Det vert informert om treningsstad på facebook og på denne nettsida. Hausten gjev mange typar ver, og treningsstadane vil variere mellom utandørs Bygstad skule (barmark), inne på skulen eller i Bygstad samfunnshus og når snøen kjem: På Langeland skisenter. 

- Parkeringskort kjem i posten

- Vi skal prøve å hjelpe til med smøretips i forkant av skitreningane, samt på karusellrenna når dei kjem i gang. Veldig kjekt om fleire har lyst å prøve seg på karusellrenn, desse vert arrangert 6 tysdagar etter jul. Meir informasjon om dette vil kome. 

- Ingunn orienterte om klubbdressar 

Skikrinsen ved Ingrid Narum hadde eit innlegg om barn og skiidrett. Les meir om det på https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2018/10/barn-og-skiidrett-i-fokus/ 

Link til sida der ein kan kjøpe og selge brukt skiutstyr: https://www.facebook.com/groups/162005931400726/ 

Vi ser fram til ein kjekk treningshaust og etter kvart skisesong! Ta kontakt om det skulle vere noko. 

Helsing Bodil Ryste

 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket