Saman med Førde IL inviterer vi til eit artig renn på Langeland, der løypa inneheld meir svingar og kular enn vanleg, samt ryggeport. Løypa går frå stadion og i området opp til og rundt Skistølen.
SSF KARUSELL SKICROSS - LANGELAND SKISENTER
Laurdag 20. februar 2021
Laurdag 20. februar 2021 inviterer Førde IL og Gaular IL til eit koronavenleg klubbrenn v/ Langeland Skisenter
STILART: SKICROSS FRI TEKNIKK
DUGNADSLISTA: link her
RAMMEPLAN
Prolog – individuell start |
Første start, kl. 12.00 |
Løypelengde |
Startkontingent |
Gutar/ jenter 7 år og yngre |
10 år og yngre går «prolog» med individuell start (ikkje heat) |
Ca 800 m |
Kr. 50,- |
Gutar/ jenter 8 år |
Ca 800 m |
Kr. 50,- |
|
Gutar/ jenter 9 år |
Ca 800 m |
Kr. 50,- |
|
Gutar/ jenter 10 år |
Ca 800 m |
Kr. 50,- |
|
FH gutar/ menn |
Ca 800 m |
Kr. 50,- |
|
FH jenter/ kvinner |
Ca 800 m |
Kr. 50,- |
|
Prolog individuell start og heat med fellesstart |
Første start prolog kl. 12.30 |
Løypelengde |
Startkontingent |
Gutar/ jenter 11 år |
Gutar/jenter 11 – 14 år går heat basert på tid i prolog (blandar kjønn og årsklasser) |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
Gutar/ jenter 12 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
|
Gutar/ jenter 13 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
|
Gutar/ jenter 14 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
|
Gutar/ jenter 15 år |
Gutar/jenter 15 år og eldre går heat basert på tid i prolog (blandar kjønn og årsklasser) |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
Gutar 16 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
|
Jenter 16 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
|
Menn 17, 18, 19/20 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
|
Kvinner 17, 18, 19/20 år |
Ca 1 km |
Kr. 50,- |
GJENNOMFØRING
Det blir laga til løype for skicross, med svingar, hopp, kular og ryggeport. I prologen (alle klassar) blir det gått Intervallstart, 15 sek. Deretter heat for aldersgruppa 11 år og eldre (alle får gått eitt heat). Tidsskjema for heat vert publisert når påmeldinga er avslutta. Estimert første start på heat er kl. 13.00.
STARTLISTE
Startliste vert publisert i framkant av arrangementet på Førde IL Langrenn sine nettsider og Gaular IL Langrenn si facebookside.
PÅMELDING
Via Min idrett: https://minidrett.nif.no/Event/Index/364542#364542-011
Frist 19.02.21 kl. 23.59
NB! Hugs at alle føresette må melde seg på arrangementet. Dette er svært viktig slik at arrangøren på førehand har oversikt over tal personar som kjem til å vere tilstades. NB! Ein oppmodar om maks 1 føresett per familie.
PARKERING
Om ein ikkje har årskort betalar ein for parkering ved skisenteret sin automat.
STARTNUMMER
Startnummer hentar ein i garasjen/ kjellaren i det nye arenabygget.
PREMIAR
Alle deltakarane hentar sin premie i målområdet etter endt løp. Obs, hald avstand til kvarandre.
FUNKSJONÆRAR
Funksjonærar/ løypevakter tek med eigen refleksvest.NB! Alle funksjonærar/ løypevakter skal bruke munnbind. Munnbind får ein utlevert i garasjen der ein hentar startnummer.
SMITTEVERN, COVID-19
Førde IL og Gaular IL gjer sitt ytterste for å få til ei så god og trygg gjennomføring av arrangementet som mogleg.Føresetnaden for at ein kan arrangere karusellrennet, er at alle følgjer utarbeida reglar og rutinar for smittevern.
Har du symptom på luftvegsinfeksjon og Covid-19 skal du ikkje møte opp på arrangementet. Symptoma kan vere vondt i halsen, forkjølelse, hoste, følelse av sjukdom, feber, hovudverk, magesmerter, muskelsmerter og tap av smak- og luktesans. Alle som er tilstades på arrangementet har eit sjølvstendig ansvar for å ikkje dersom ein har symptom.
Ein oppmodar om at alle praktiserar god håndhygiene.
Alle skal halde avstand – hugs regelen om 1 meter avstand.
Kalender
|