Her fyl viktig informasjon om oppstart av langrennstreningane denne sesongen.
Det er gledeleg at vi har stor påmelding til langrennstreningane. Totalt sett nær 60 barn og unge. Kjempeflott! Retningslinjene for trening og covid-19 tilseier gruppestørrelse på 20 per gruppe, så vi må dele meir opp enn før. Vi har også fått med oss fleire hjelpetrenarar og held no på å kontakte nokon til, slik at vi kan legge godt til rette for høgt aktivitetsnivå i trygge rammer. Mtp covid-19 er det nokon grunnprinsipp som vi må følgje, blant anna å registrere deltakarane på kvar trening, inklusive føresette som er til stades. Vi har difor sett opp ein koronaansvarleg per gruppe per gong, og dette ansvaret rullerer vi på. Liste og oppgåver ser de biletet lenger ned. Her fyl opplegget i korte trekk:
Grupper:
- 2 og 3 klasse (18 påmeldt). Hovudtrenar: Bodil Ryste. Tlf. 97518349.
- 4 klasse (19 påmeldt). Hovudtrenar: André Haugsbø. Tlf. 92618851.
- 5 klasse og eldre (20 påmeldt). Hovudtrenar: Magnar Arild Kapstad. Tlf. 91726213.
Viktige grunnprinsipp:
- Alle grupper møter på Langeland skisenter klar til aktivitet kl. 18.00. Treninga varer til kl. 19.00. Det er joggesko og kle etter veret som gjeld på første trening (rulleski kan bli aktuelt for nokon av gruppene frå og med neste gong). Gå til venstre opp til den nyaste skihytta når de kjem, for registrering og antibac
- Kun friske skal møte på trening. Dette gjeld også trenarar og hjelpetrenarar, så følg med på facebooksida Gaular langrenn for evt. beskjedar om endring på kort varsel.
- Alle er ansvarlege for å sørge for god hand- og hostehygiene. Vi legg til rette med at ein må vaske henda med antibac når ein kjem og går frå trening.
- Avstand: Barn og unge (samt trenar) er fritatt frå avstandskravet under organisert aktivitet, så sjølve treninga vil i stor grad gå føre seg som tidlegare. Vi brukar truleg litt mindre utstyr, og vi vil som hovudregel gjennomføre treningane utandørs på Langeland skisenter. Som hovudregel er det kun føresette med ei rolle i høve aktiviteten (hjelpetrenar, koronaansvar) som skal vere i nærleiken av sjølve treningsaktiviteten, men dersom barna er utrygge må sjølvsagt føresette vere i området. Vaksne må vere flinke til å halde avstand.
- Vi oppfordrar alle føresette, samt ungdom over 13 år, til å gjennomføre Idrettsforbundet sitt koronavettkurs (ps, har de gjort fotballen sitt koronavettkurs, må ein ikkje ta dette).
Koronaansvarlege:
Namnet til barnet er sett inn. Føresette må sjølve byte innbyrdes dersom oppsett dato ikkje passar.
Oppgåver koronaansvarleg:
- Møt 5 minutt før treninga startar, gjere klar antibac og registreringslister (hovudtrenar finn fram kasse med dette innhaldet på førehand)
- Antibac på alle hender minimum når ein kjem og går frå trening
- Registrere alle som er på den treningsgruppa du er oppsett som ansvarleg for (lister er laga på førehand, så kun avkryssing). Nye må registrerast.
- Registrere føresette som er til stades med namn og telefonnummer.
- Ved behov hjelpe trenarane med å desinfisere utstyr undervegs eller etter økta.
Ved spørsmål kan de ta kontakt med hovudtrenar for gruppa. Vi ber om forståing for at opplegget må "gå seg litt til", og at det kan bli endringar i tidspunkt og grupper.
Vi ynskjer alle vel møtt til ny skisesong!
Med helsing Gaular Langrenn