Langrennstreningane startar opp igjen veka etter haustferien. Trykk les meir for informasjon om denne sesongen. Vel møtt!
Invitasjon til langrennstrening 2019/2020.
Langrennstreninga startar opp igjen onsdag 16. oktober 2019 i Bygstad.
Stad: Bygstad skule (basistrening i haust) og på Langeland (når det vert skiføre).
Tid: Onsdagar kl. 18:00 – 18:55 for gruppe 1; 2. – 3. klasse kroner 600,-.
Onsdagar kl. 19:00 – 19:55 for gruppe 2; 4. klasse og eldre kroner 700,-.
Avhengig av tal påmelde i gruppe 1 og gruppe 2 kan treningstida verte endra til klokka 18 i staden for kl 19 eller omvendt. Når det vert skiføre og trening på Langeland kan det verte felles treningstidspunkt for alle, men ulike grupper.
Brukarbetaling årskort Langeland skisenter 2020: kr. 500,-.
Ta med kle for trening inne og ute. Vi deler inn i mindre treningsgrupper.
Treningsavgift må være betalt innan 15. oktober 2019. Ein må óg vere medlem i Gaular idrettslag og betale medlemskontingent. Alle familiar må kjøpe årskort for brukarbetaling på Langeland skisenter. De får rabatt ved å kjøpe årskort gjennom langrennsgruppa for kroner 500 (årskort kosta i 2019 kr 700). Bestilling av årskort skjer parallelt med påmelding til trening.
Online påmelding:
Logg inn på nettsida: gaularil.weborg.no Under «Aktivitetar» til høgre på nettsida ligg «Langrenn gruppe 1: kl.2.-3.» og «Langrenn gruppe 2: 4.kl og eldre». Fyll ut alle felta under påmelding og trykk «LEGG TIL DELTAKER». Gjenta om eventuelt fleire skal melde seg på. Trykk deretter på «MELD PÅ DELTAKER». Ein kjem då inn i betalingsbildet og trykker «Gå vidare til betaling». Bestilling årskort 2020 «Brukarbetaling årskort 2020 Langeland skisenter» Påmelding er ikkje gyldig før betaling er ok.
Dersom ein har spørsmål til sjølve registreringa/påmeldinga/nettsida send e-post til gil.medlem@gmail.com.
Klubbveke hos Sport 1 informasjon kjem
Legg deg til på facebooksida Gaular Langrenn for å få med deg informasjonen vi legg ut der.
Kontaktpersonar:
Påmeldingsansvarleg: Kjersti Bolstad Blikra: 990 13 075
Leiar: Anne Lilleaasen: 480 80 022
Trenaransvarleg: Magnar Arild Kapstad: 917 26 213
Facebook: Gaular Langrenn, https://gaular-il.no/
Kalender
|