Årsmøte GIL 2020 - ny dato

Vi prøver på nytt med å gjennomføre årsmøte for Gaular IL torsdag 4. juni kl 19.00. Sjå VIKTIG info nedanfor (les meir).

2020-05-05
teresemyklebust

Saker må meldast inn til styret innan 21.mai: gaularidrettslag@gmail.com . Tidlegare innmelde saker treng ikkje å meldast inn på nytt. Saklista vert publisert 28.mai.

VIKTIG!!
Vi må ta forbehald om endringar i retningslinjer i høve Korona-situasjonen, men vi tar utgangspunkt i å gjennomføre fysisk oppmøte. Vi må vite på førehand kven som kjem, for å planlegge plassering og gjennomføring i henhold til korona-retningslinjene ; trykk SKAL om du kjem, og evt. meld deg av om du ikkje kjem.

Det er begrensing på 50 personar pr arrangement. Vi pleier ikkje å vere så mange, men skulle fleire enn 50 melde seg, må vi lage eit alternativt opplegg med to oppmøtestadar og/eller digital gjennomføring på alle eller nokre.

Digital eller skriftleg gjennomføring er godkjent som alternative gjennomføringar, dersom situasjonen ikkje tillet at vi har fysisk oppmøte.

Kalender

Mars
MTOTFLS
26272829123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket