ALLE treningar, kampar, samlingar og andre idrettsarrangement er avlyst med umiddelbar virkning og i første omgang fram til 26.mars. Alle anlegg er også stengt!
ALLE trenarar, lagleiarar, styremedlemmer og andre aktive i GIL må sette seg inn i informasjonen nedanfor (Trykk: les meir)
Vi har den seinare tid følgt utviklinga og vore klar til å sette inn tiltak. Det var allereie planlagt ein del tiltak og stengingar lokalt, men regjeringa har no varsla unntakstilstand og har vedteke strenge tiltak for å bremse utviklinga og forhindre spreiing så langt det er mogleg.
Helseminister Bent Høie opplyste om følgjande vedtak i dag, som har umiddelbar verknad og varer i første omgang fram til 26.mars:
Helsedirektoratet har fattet, med hjemmel i smittelovens paragraf 4 N andre ledd, et vedtak om forbud mot og stenging av kultur-arrangementer, idrettsarrangementer og organisert idrettsaktivitet, både innendørs og utendørs.
NIF har publisert på si side at «All idrett, treninger og konkurranser opphører med umiddelbar virkning.». For meir info: https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2020/idrettsforbundet---all-idrettsaktivitet-avlyses-med-umiddelbar-virkning/
Dette inneberer følgjande tiltak, i første omgang til 26.mars, med mogleg utviding:
· All organisert aktivitet i GIL skal avlysast, både treningar, kampar og andre samlingar.
· Alle anlegg stengast for bruk, dette inkluderer Gaularhallen, Sande stadion, Osen stadion, Årbergsdalen alpinsenter, Sagbrukhallen, Buldreveggen og aktivitetar på Bygstad skule.
· Det er IKKJE høve å avtale «uorgansierte» treningar, verken på eller utanfor anlegga.
· Fysisk aktivitet/eigentrening er fortsatt lov, men skal skje heime eller ute i naturen, og det er sterkt oppmoda om å gjere dette utan å samle for mange personar. Ein turkamerat er greit.
· Vi unngår også møter så langt det er mogleg i denne perioden. Alle større møter skal avlysast.
· Årsmøtet er utsett på ubestemt tid.
Dette er vedteke i styret i Gaular IL, utifrå råd og vedtak som er gjort av myndigheitene. Håpar alle respekterer vedtaka og jobbar saman for å bekjempe viruset, til det beste for oss sjølve og alle rundt oss. Om de har spørsmål, må de gjerne ta kontakt!
Mvh
Styret i Gaular Idrettslag
Terese Myklebust Ole Morten Vassdal Ole Hermann Engen
Vigdis Tande Haugland Hallgeir Grinde Dina Follevåg Håvard Korsvoll
Kalender
|