AKTIVITETSGJENNOMGANG FOR FORELDRE

Eit uformelt  eingong-tilbod til dei som ynskjer å få litt nevenyttig input på aktivitetar ein kan gjennomføre på ei idrettsskule-økt.

Torsdag 4. oktober kl. 17:30-19:30 i gymsalen på Bygstad skule

2018-09-16
Ingeborg Grinde

 

Miniidrettsskulane og Idrettsskulane i Bygstad og på Sande er heilt avhengige av foreldre som stiller som ansvarlege for økter.  Denne kvelden blir eit uformelt eingongs-tilbod til foreldre som ynskjer å få litt nevenyttig input på aktivitetar ein kan gjennomføre på ei idrettsskule-økt. Det vert fyrst ei innleiing med informasjon om barneidrett og verdien av allsidig aktivitet v/Bodil Ryste (i rolla som idr.fagleg konsulent i Sogn og Fjordane Idrettskrins), så litt om korleis vi organiserer idrettsskulen med trenarar/hjelpetrenarar, og deretter ei praktisk økt med tips til ulike aktivitetar for barn i alder opp til 12 år - oppvarming, hovuddel og avslutning. Bodil har den praktiske biten saman med Ingeborg Grinde.

Alle deltek aktivt og får sjølv prøvd dei ulike aktivitetane, så ta på treningskle og ta med drikkeflaska! :) Om nokon kunne tenke seg å berre observere, er det også fullt mogeleg. 

Dette blir gøy!

Påmelding innan tirsdag 2. oktober til Ingeborg Grinde på ingeborg.grinde@gmail.com

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket